Skogbrann

Skogbrann i ein nasjonalpark i Montana i USA i august 2000

Ein skogbrann er ein ukontrollert brann i naturen. Slike brannar kan, i tillegg til å forstyrre gongen til naturen, truge hus og jordbruksområde. Det er ein mobil brann, som vil seie at han forflyttar seg og utgjer ei annleis utfordring for sløkkemannskap enn andre brannar. Årsaker til slike brannar kan vere lynnedslag, vulkansk aktivitet, uforsiktige menneske og eldspåsetjing.

El Niño, heitebølgjer og tørke bidreg til at det blir fleire og større skogbrannar. Likevel kjem 90% av alle skogbrannar av menneskeleg aktivitet.[1] Dette kan vere eldpåsetting, uforsiktig omgang med eld ved til dømes grilling, gneistar frå jarnbane eller anna næringsverksemd.

  1. www.skogbrand.no (pdf) (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 27. juli 2007, henta 23. september 2010 

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search